torsdag 17. mars 2011

Skidag på Melshornet (framleis 807 moh)




Årets skidag vart avvikla i sånn passeleg brukbart vêr. Det var berre to og ei halv veke sidan sist eg gjekk på Melshornet, men det var likevel dit eg hadde lyst å gå. Denne gongen sette eg frå meg skia nede ved hyttene i turløypa og gjekk på beina derifrå. Det fungerte heilt fint. Med litt prat og roleg gange gjekk det om lag ein time å gå til toppen frå hyttene. Ein liten nedtur etter turen opp var det at vinden var sterk på toppen. Eg har ein del høgdeskrekk, og den vert forsterka av vind. det vart derfor til at eg berre knipsa nokre bilete i full fart medan eg stod ved varden, og så tok ein kollega bilete av meg så eg fekk dokumentere bragden.

Etter endt skidag skulle eg møte Veslejenta og venninna på ferja, men fekk ein halv time til overs. Då stakk eg mellom anna innom ein klesbutikk og fann ein topp i ein litt mystisk rosafarge (som om den har vore rosa men er blitt vaska saman med noko blått). "Kan eg ha denne fargen?", spurde eg butikkdamene, og dei var eintydige positive i svaret. Fargen heiter "dusty pink" og er veldig moderne i år, kunne dei belære meg. Sidan eg som regel kjøper blått og svart (sjølv kallar eg det ein "klassisk stil"), var eg temmeleg skeptisk.

Då eg kom ut i bilen med handleposen, såg eg meg i spegelen, og då måtte eg le. Eg hadde raude roser i kinna og kunne sikkert ha hatt på meg gult, og likevel sett frisk og våken ut. Vind og frisk luft gjer underverk for eit vinterbleikt akademikaransikt - berre synd at det virkar motsett på frisyren...

2 kommentarer:

  1. Såg herleg ut! Møtedag ho oss med 9 1/2 timers job ...

    SvarSlett
  2. Ja, det var herleg. I ettermiddag/kveld var det attende til bunken, men det er lettare å gjere stillesitjande arbeid når ein har trimma og lufta seg først.

    SvarSlett