onsdag 23. mars 2011

Eldstejenta 18 år!

23. mars 1993, klokka 17.07, kom Eldstejenta til verda. Sidan det var så mange gutar i slekta mi på den tida, var det nesten eit under på jord at eg skulle føde ei jente. Det vart ein del rosa og blonder det første året, men òg ein heil del arva klede og kjønnsnøytrale fargar. I motsetnad til det som er vanleg no, hadde vi ein del prinsipp om å kjøpe kjønnsnøytrale leiker. Duplo-dyrehagen, til dømes, hadde ho stor glede av. Løvene prata og kyssa på kvarandre (då Storegut arva løvene, slost dei).

Eldstejenta var tidleg flink til å snakke, og ho likte å bli lesen for. Både ordforrådet og leselysta er så som så no, men det var ei tid eg brukte eit par timar kvar kveld på å lese og synge til henne på senga. Ho fekk full underhaldning frå ho var bittelita, og ho sov svært lite. Sidan ho var einebarn til ho var fire, fekk ho mykje merksemd. Då Storegut vart fødd, måtte ho dele denne merksemda med han, men ho fekk samtidig ein stor beundrar. Han lo av henne som baby, og dilta etter henne frå han kunne gå. Dei to andre småsøskena fekk eit annleis forhold til storesystera, men det er framleis stor stas å vere alle fire.

Sidan ho er elev der eg jobbar, ser eg Eldstejenta nesten dagleg, og eg kjenner til mange av venninnene hennar. Det synest eg er koseleg, for eg saknar å ha henne rundt meg dagleg i heimen. Vi skal tilbringe eit år til saman på skulen, og det er kanskje då eg kjem til å¨merke at ho er blitt vaksen.

Sjølv er ho svært opptatt av å skulle bli atten og kunne både sleppe inn på utestader og kjøre bil. Eg vel å illustrere overgangen hennar til vaksenlivet med eit bilete av då ho som strålande blid eittåring tok sine første, nølande skritt. No skal ho ta eit skritt inn i vaksenverda, der ho forventar å finne ein uendeleg fridom, men der alvor og ansvar ventar. Resten av familien gratulerer!

Eg ser at du e trøtt
men eg kan ikkje gå
alle skrittå for deg
Du må gå de sjøl
men eg vil gå de med deg
Eg vil gå de med deg
 

1 kommentar: