lørdag 12. mars 2011

Middag i Hong Kong?

Eller rettare sagt: PÅ Hong Kong, som er ein kinarestaurant nede ved hurtigbåtkaia i Ålesund. Etter ein dag i Atlanterhavsparken hadde nokre av oss aller mest lyst å kjøpe ein pose reker, men det var ikkje akkurat vêr til å sitje på brygga eller i parken og maule reker. Kinarestauranten vart eit særs godt alternativ. Der var eit fascinerande interiør, hyggeleg betjening og store porsjonar med nydeleg mat. Eg bestilte ein kyllingrett med cashewnøtter, dei to yngste ville ha hamburger med pommes frites og dei tre resterande ville ha innbakt kylling med chilisaus. Alt saman smakte nydeleg, og eg kan røpe at det ikkje vart kveldsmat i kveld.

2 kommentarer:

  1. Har lenge hatt lyst på ein byatur, og no veit eg kvar vi skal finne oss god mat, også. På Tueneset har eg vore på skuletur, i vind og blest så det heldt. Kjekt at de hadde ein hyggelig tur!Dette var nok noko Erlend sette pris på -i motsetning til ballettshow?

    SvarSlett
  2. Ja, dette var kjekt for alle saman. I fint vêr er det meir å finne på utanfor sjølve akvariebygningen.

    SvarSlett