tirsdag 8. mars 2011

Kvinnedag - og kva så?

Det er lite oppstyr rundt kvinnedagen i omgjevnadene mine. Nokre gratulerer kollega-kvinnene, andre ironiserer og atter andre, det store fleirtalet, ignorerer dagen og tematikken den aktualiserer. Ei viktig årsak til dette er truleg at vi arbeider i det offentlege, der kjønn sjeldan har noko å seie for tilsetting og løn.

Er kvinnesak eit viktig tema i Noreg i dag?

I min barndom og ungdom var skilnadene mellom kjønna på mange måtar mindre enn no. Det vart lagt vekt på å oppmode ungdom til å velje utradisjonell utdanning, men få av oss fall for den freistinga. Vi gjekk ut ilag, men sjeldan på "date", og vi jentene forventa ikkje å bli oppvarta av gutane, slik det kan verke som om jentene gjer no. Stilen var langt meir ujålete og "naturleg" på 70- og 80-talet, sjølv om det fanst store individuelle variasjonar då som no.

I 2011 ser kvinnene ut til å dyrke interiør, morsrolle og utsjånad meir enn nokon gong. Dette har med trendar å gjere, og er ein reaksjon mot tidlegare generasjonars manglande fokus på "den lille forskjellen". Det viktigaste er likevel at lovverket til ei kvar tid må oppdaterast og revurderast når det gjeld likestilling. Så får det heller vere at nokre av oss ikkje meiner at det er likestilling å øyremerke mykje av barselspermisjonen til faren, når det er mora som går gravid, føder og ammar.

Internasjonalt er utfordringane mykje større enn her heime, sjølvsagt. Det har vore mykje fokus på muslimske kvinner siste åra, men ein kan godt ta oppgjer med den katolske kyrkja si makt mellom anna i Irland. AIDS, omskjering, forbod mot abort, manglande borgarrettar - lista er framleis lang over uløyste problem.

Det provoserer meg kanskje meir enn noko anna at ein gjer kvinnedagen til nok ein dag med "blomar til mor". Vi treng denne dagen til å snakke om alvorlege tema som gjeld kvinnesak og likestilling.

Gratulerer med dagen, damer!

4 kommentarer:

  1. Eg vil gjerne skrive under på alt du seier her. Ser på FB at somme trur at likestilling er det same som likskap mellom kjønna, eg bad dei lese historia. Dessverre står veldig mykje att når det gjeld kvinnefrigjering,særlig i andre land og i ulike miljø i vårt eige land. Men det sterkaste signalet ein kan sende ut er å gi lover som forbyr diskriminering av t.d. kvinner.

    SvarSlett
  2. Kvinnesak er menneskesak! Var det ikkje omtrent det Ibsen sa?

    SvarSlett
  3. Hei! Likte det du skreiv om misforstått likestilling. Mannen/faren KAN ikkje erstatte kvinna/mora i forhold til barnet. Det er tross alt vi som føder og som kan amme, og der ER eit spesielt band mellom mor og barn. Det vil ikkje seie at det ikkje kan vere spesielle band eller mindreverdige band mellom far og barn, men det er annleis. Dette er det ikkje alls som forstår, og det kallar eg misforstått likestilling.

    Vennleg helsing
    Marit

    P.S. "Kjenner" systra di. Øystein var min norsklærar på vgs. :-)

    SvarSlett
  4. Heilt einig med Marit, men det har blitt politisk korrekt å seie at far er like viktig som mor. Dette er sjølvsagt varierande ut frå kven mor og far er, og kva jobbsituasjon dei er i. Uansett er det MOR som har mest behov for å kome seg i form att etter fødselen, og eg synest at ein kan unne mor å ha førsterett til å ta barselpermisjon.

    SvarSlett