onsdag 23. mars 2011

Meg eier ingen

I kveld var "Besta", Kollegavenninne K og eg - i tillegg til ein fullsett sal - på teater i Ørsta og såg "Meg eier ingen", som er basert på boka med same tittel. Boka er sjølvbiografisk, og den handlar om ei jente som veks opp saman med ein alkoholisert far. Stykket kan derfor høyrast svært dystert ut, men på same måte som i boka skin kjærleiken og klasseidentiteten gjennom og gjer at tragedien vert meir fasettert.

Dennis Storhøi var svært god i rolla som faren, og Trude Øines spelar òg godt. Ho spelar dottera Åsa, som går frå å vere barnehageunge til å bli vaksen tobarnsmor i løpet av stykket. Brit Elisabeth Haagensli står for eit svært humoristisk, klisjéprega innslag som er noko forløysande i det heile.

Det tek alltid litt tid etterpå før eg får fordøya eit stykke ferdig og bestemt meg for om eg verkeleg likte det, kva som var bra og kva som var dårleg. Konklusjonen hittil er at eg likte stykket godt, og at eg skulle ønske vi kunne gi elevane våre fleire slike teateropplevingar. I kveld var to klasser av garde for å sjå stykket, og det var i alle fall svært mykje betre enn det Bjørnsonstykket heile skulen fekk sjå for ei tid sidan.

2 kommentarer:

  1. Takk for at du tok meg med på teater. Eg treng nokon som "sparkar" meg ut dørene, veit du. Det var ei oppleving for meg å sjå levande teater, ser helst slikt på TV, veit du, og det er ei anna oppleving.

    SvarSlett
  2. Kjekt at du likte det. Var redd eg utsette deg for teaterpress...

    SvarSlett