tirsdag 3. januar 2012

Back to school

Så var ferien brått over. Eg vakna ein halv time før vekkjarklokka begynte å pipe og var på plass på jobb nesten ein hav time før vi skulle starte. Eg likar ikkje å kome snikande inn når møta begynner, noko vi ferjefararar ofte gjer.

Dagen vart lang, med "verkstad" og gruppearbeid om høgtsvevande emne frå morgon til ettermiddag. Ein kan lure på kvar omgrepet "planleggingsdag" kjem frå, for planlegginga må skje etter arbeidstid. Nokre hadde seks undervisningstimar å planlegge til i morgon, berre for å ha nemnt eit problem som ikkje gjeld meg.

Etter jobb tok eg meg ein tur på TREN. Eg var spent på forma, men den var overraskande god etter ei jul med langt mindre fysisk fostring enn eg hadde sett føre meg. Å springe opp og ned trapper med ved og stearinlys er tydelegvis god trim. Ettermiddagen gjekk elles med til å hente ungane hos besteforeldra, handle, kjøre dei to mellomste til faren og deretter reise heim og lande i godstolen med ei god bok.

Sjølvsagt somna eg momentant. Etterpå åt eg store mengder snop for å få opp blodsukkeret.

Minstemann har kosa seg med PS medan mora sov og las. I morgon har vi heldigvis fri.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar