søndag 29. januar 2012

Søndag på ski




I dag for ungane og Barnefaren i førevegen til Reset, skisenteret i Volda. Gamla hadde ein roleg morgon, men så slo utferdstrangen inn så eg tok turen dit eg òg. Ungane var opptekne ved trekket, og delar av dagen stod eg og følgde med i det som var av action i løypene der. I tillegg gjekk eg meg ein liten tur innover turløypa til eit utsiktspunkt der eg kunne ta nokre fine vinterbilete av dei gamle fjell i syningom. Ein flott dag med mykje frisk luft og sol - perfekt opplading til ei ny jobbveke.

2 kommentarer:

  1. Frøkna her ville innover, men det vart skeisser i staden.

    SvarSlett
  2. Skeiser er òg kjekt! Vi har nye ballbingar i bygda, og dei kan fyllast med vatn. Kjekt med ein samlingsstad der ungane kan herje saman med kompisar og foreldra kan møtast "ringside" til ein god prat.

    SvarSlett