torsdag 26. januar 2012

Bok 6 2012: "Uke 43" av Hanne Ørstavik

Denne boka likte eg godt. Det var lett å leve seg inn i hovudpersonen sine tankar og kjensler - ikkje fordi ho er lik meg, men fordi ho lever i eit akademisk, intellektuelt univers eg kan forstå.

Hovudpersonen er litt over 30 år, velutdanna og singel. Ho skal undervise om litteratur på ein distriktshøgskule, og på ein måte blir ho tiltrekt både av studentane og av kollegaen Hilde. Den sistnemnde blir etter kvart svært viktig for hovudpersonen Solveig, og ho gjer mykje for å tekkjast den eldre kollegaen, som å bake, kjøpe presangar o.l. Eg skal ikkje røpe slutten, men berre kommentere at noko som kan verke som ein bagatell for ein utanforståande, vert avgjerande. For oss som er levande opptekne av film og litteratur, er det heilt forståeleg.

Av negative trekk ved romanen må eg få nemne at dei detaljerte skildringane av korleis ein lagar te eller går på toalettet verkar noko påtrengande. Knausgård hadde òg ein del slike trivielle skildringar, så det er kanskje greitt i dagens litteratur. Eg likar det ikkje.

1 kommentar:

  1. Knausgård har gjort det. Det klarer seg.
    Eg har lese eit par bøker av denne forfattaren som eg absolutt ikkje har likt. Men kanskje ho har begynt å sjå litt lenger enn til sin eigen navle?

    SvarSlett