torsdag 5. januar 2012

Daglegvarer?

I dag skulle eg handle. Ikkje på nokon måte noko merkeleg med det; det var nesten tomt for mjølk, heilt tomt for ost og eg planlegg søndagsmiddag.

I går kasta eg to av julestjernene mine fordi dei hadde døydd som indirekte følgje av orkanen (ikkje det at eg trur eg får att pengar på forsikringa eller noko, men som saksopplysning). Det vart derfor freistande å forsyne seg av dei grøne plantane som var på tilbod der eg vanlegvis handlar. Kven gidd å stikke innom ein dyr blomebutikk når ein får same plantane til halve prisen der ein likevel er innom?

Nokon hadde tipsa meg om å kjøpe såkalla "måleplast" på denne butikken, fordi det vert langt billegare enn å handle på ein byggvarehandel. Etter å ha leita ei stund, fann eg ein heil reol med verkty og utstyr for måling, beising og tapetsering. Prisane var svært låge, og kvaliteten sikkert deretter, men kor god kvalitet må det vere på målband, maskeringstape og white sprit? Eg handla inn ein heil del av det eg treng til vidare arbeid, og i morgon skal eg kjøpe det resterande i ein byggvarehandel. Då skal eg samanlikne prisar og godte meg over alt eg har spart.

Ein gong blogga eg om at eg ikkje fann fårikålkjøt, men derimot ei makuleringsmaskin i butikken. Eg lurer framleis på kva som vert rekna som "daglegvarer". Snøskufler? Elektriske varmeteppe?

Og kva vert konsekvensen av at daglegvarebutikkane tek føre seg av kundebehov som tidlegare vart stetta andre stader? Platebutikkar finst nesten ikkje lenger, fordi "alle" sel CD-ar. Vil det same skje med blomeforhandlarar, slik at vi kjøper ferdige gravferdskransar og brudebukettar på Rema 1000? Og kven skal gi meg gode råd om måling og tapetsering? Ekspeditrisa på Rimi?

Ideelt sett burde vi støtte opp om fagbransjane i mykje større grad, men som konsumentar vil vi leve og handle "kjapt, trygt og billig". Billege pølser og bensin døgeret rundt er viktigare for oss enn at ekspeditøren på Statoil kan hjelpe oss med å skifte ein sikring på bilen. Vi kjøper heller ein ny plante enn å lytte til gode råd om stell av den gamle. Og ikkje minst: vi er villege til å kjøre eit stykke for å handle ski, klede og andre "daglegvarer" på varehus utanfor sentrum.

For pengane vi sparer på "kupp" og "heilsprø tilbod" kjøper vi sjølvsagt meir. Sjølv sparte eg så mykje på handelen i dag at eg kunne ta meg råd til ekstra mykje julemarsipan til halv pris. Ein er trass alt ein medviten forbrukar.

4 kommentarer:

  1. Eg må innrømme at eg saknar bransjeforretningar, der ein får hjelp og rettleiing, men eg vel ofte billege alternativ.Ei som sjølv driv klesbutikk utan å vere med i ein kjede sa det slik:"Ein må velje mellom pris og sørvis".
    Eg meiner at vi får dårlegare tilbod når alle skal ha alt. Kvifor i all verda skal dei selje snop på El-kjøp t.d. Kaffi? Ja! Men snop????

    SvarSlett
  2. Attåt kaffien forstår du vel! (Dei håper at du kjem på det og ser behovet der og då!) Det dei ikkje lever av, kan dei selje billeg.
    Eg gjer ofte som du, i alle fall utanom bygda. Ofte tenkjer eg at eg må handle her om eg vil ha butikkar i bygda. Fleire og fleire flyttar til byen.

    SvarSlett
  3. I Volda sel blomebutikken klede, i same stil som kleda på glasmagasinet i Ørsta. Tidlegare var der ein gardinbutikk på senteret i Volda som òg selde den typen klede (eg kallar stilen "flagrande fargelaust"), men den vart nedlagd. Det blir som med tv: meir møl på fleire kanalar.

    SvarSlett
  4. Og før kunne ein gå på slaktarbutikken og få fine kjøtstykke i den storleiken ein ville ha, og på fiskebutikken og få fin,fersk fisk. Dette er ein saga blott-fordi vi vil handle raskt og billig-og helst alt på ein stad?
    I Ørsta har vi i alle fall EIN fin bransje-butikk: Målar-Olav. Men mykje av det dei sel, får vi sikkert billegare på Europris?

    SvarSlett