søndag 22. januar 2012

Skifri søndag

I dag hadde nokon sanda den glatte vegen, men dei to yngste ungane ville likevel på sparktur med hundane. Det hadde vore så artig laurdag, nemleg. Og det var faktisk godt sparkeføre, trass sanden. I alle fall med to bustete motorar.

Metoden vår er følgjande: Gamla går/joggar i førevegen medan born og hundar vert ståande att. Gamla snur seg og plystrar på hundane, som tek av og spring fort bort til henne. Full fart og mykje moro, med andre ord.

Vel attende frå turen fekk vi servert "ballj" (raspeball), og det førte sjølvsagt til at somme av oss åt for mykje. Hundane la seg rett ned, og Minstemann hevda dei kjeda seg. Eg har ein annan teori om akkurat det.

Resten av kvelden vil gå med til skulearbeid, kaffidrikking og kanskje litt film og/eller tv. Storegut er i Volda i høve konfirmasjonsførebuinga, så eg har ein sjåførjobb i vente, men elles blir det lite og inkje gjort av fornuftige gjeremål, kjenner eg.

2 kommentarer:

  1. Det var eit fantastisk sparkføre her i dag. Du skulle sett den farten eg fekk opp nede i Olavsgata med eigen motor= to gamle bein.Far din fekk god mosjon då han PRØVDE å halde tritt.
    Her sette vi til livs ein stor porsjon Mulligatawny ei stund etterpå. Den var skikkelig god og "hot".

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett