torsdag 26. januar 2012

Beslutningsvegring? Nei takk!

I dag var eg i modus for møbelshopping. Eigentleg hadde eg ikkje så mykje tid til rådvelde, men eg kunne alltids kike litt. Eg har trass alt sett ein del på internett og i brosjyrar, så tankeprosessane har vore i sving lenge.

Etter 25 minutt inne i forretninga hadde eg bestilt to sofaer (Ekornes Oslo i fargen svart batick), eit gedigent spisebord ( av typen "Octan"; 380 cm når alle fire ekstraplatene er i), dei tilhøyrande 14 stolane ("Malou"), kjøkenbord med fire stolar i liknande stil ("Arlington") og eit vitrineskap ("Vincent"). Alt skal leverast på døra når eg ein gong får vaska ned etter oppussinga.




Det er dessverre stillstand i prosessen på grunn av mangel på lister og plater, men shopping er òg ein del av arbeidet som skal gjerast.

12 kommentarer:

  1. Dette ser bra ut. Betre å kjøpe skikkelig enn å klatte bort pengane på ting som må kasserast etter kort tid.
    Kva er det som skal vaskast så veldig før du kan flytte inn? Dei som flytta ut hadde vel vaska etter seg?

    SvarSlett
  2. Ja, der var nydeleg reint, men no er der ein del støv etter saging...

    SvarSlett
  3. :) Misunnelig :) skikkelig misunnelig, kjekt med oppussing, nye møbler og ikke minst reint hus :)

    SvarSlett
  4. Fine ting! Eg ønskjer meg eit stort bord. 14 høyrest bra ut!

    SvarSlett
  5. Ser bra ut, shopping er kjekt og godt for sjela;)

    Eva

    SvarSlett
  6. Det var litt av ein handel, du må ha god råd! Det kjem til å bli kjempefint!

    SvarSlett
  7. Eg skjøna at det var du, Solveig, eg er ikkje heilt "blåst". Kjekt med positive kommentarar! Rik har eg aldri vore, og blir det heller aldri. Huset står aldeles tomt, og eg har ikkje andre møblar enn nokre senger og slikt, så shopping må til.

    SvarSlett
  8. Eg synest møblane du har valt ser skikkeleg fine ut!! Dette kjem til å bli bra!

    SvarSlett
  9. Eg berre bestemmer meg for at det blir bra, så blir det det. Har hatt ein svare strev med å tenkje ut kva trefarge eg skulle satse på, men fann ut at olja eik var ein passeleg nøytral farge. Kobinert med svart skinn blir det litt tøft, og så har eg lys veggfarge og kjøkeninnreiing med ein del svarte detaljar. Det står i alle fall i stil.

    SvarSlett
  10. Du kan no myke opp stilen med gardiner, puter, teppe etc. så det ikkje ser ut som ei møbelutstilling.

    SvarSlett
  11. Det kjem nok meir fargar med tida, men no trur eg at eg vil sette pris på å bu i noko som ser ut som ei møbelutstilling :)

    SvarSlett