lørdag 7. januar 2012

Alle de andre har dratt avsted, uten at han fikk bli med...

Dagen i dag skulle gå med til lang tur i skogen med hundane og eit strøk grått på badet i nyehuset. Ein telefon i gryotta sette stopp for planane: Minstemann var dårleg og kunne ikkje vere med til skitrekket saman med resten av gjengen. Barnefaren skulle vere vakt denne helga, og dei to mellomste ungane fekk ta med seg ein kompis og ei venninne.

Guten kom i hus, la seg i senga og somna. Seinare har han vore vaken, men han er verkeleg "pjask".

Eg hadde eit lite ærend på butikken, og då fekk han lov å ta med ein seddel han fekk med onkel-familien til bursdagen sin. For nokre av pengane kjøpte han seg ei øskje med Lego - som om han ikkje har nok av denslags frå før...?

Vi har hatt ein stille og roleg dag, som de sikkert skjønar. Eg har fått unna noko klesvask, lese i bok og surfa på nettet. Minstemann har som nemnt sove, bygd lego og spelt litt PS. Det har i grunnen vore deilig å sleppe å arbeide så hardt, men eg er glad for at eg var supereffektiv i går.

3 kommentarer:

  1. Minstemann her, som rett nok er blitt større enn mor, har og vore kvalm og halvsjuk i dag. det er visst noko sam går ...

    SvarSlett
  2. Meiner eg sende eit "utklipp" frå Møre- Nytt om ei sykje som "går".

    SvarSlett
  3. Det er der eg har det ifrå ...

    SvarSlett