torsdag 19. januar 2012

Bok 4 2012: "Øst for Eden 1" av John Steinbeck

Denne gamle klassikaren er verkeleg verd å lese. Steinbeck er ein stor forteljar; kvar minste biperson får fortalt livshistoria si på ein måte som gjer at nokre få linjer femnar om ein heil roman, og ein får både sympati og antipati med karakterane etter kvart som dei dukkar opp. Persongalleriet er stort, men karakterane festar seg, om ein kan seie det slik. Nokre er eintydig gode, andre direkte vonde, men klisjéaktig blir det likevel ikkje. Eg har allereie bestilt filmen, og no ser eg fram til å lese del 2, som filmen i hovudsak er basert på.

3 kommentarer:

  1. Eg såg filmen først, trur eg var 16 år då. Bøkene las eg nokre år seinare. Sidan har eg sett filmen på TV, og lese lydbøkene. Steinbeck er ein av mine favorittforfatterar, og eg elskar desse bøkene og heile histora/historiene.At personane hans kanskje er litt lite samansette,kjem vel av at det var slik det var den gongen. I bøkene.

    SvarSlett
  2. Den eintydig "vonde" Cathy er samansett, noko som òg kan seiast om den "gode" kinesaren Lee som snakkar pidginengelsk for å ufarleggjere seg sjølv, men som framstår som ein kunnskapsrik og veltalande mann etter kvart. Bipersonar som den djupt religiøse Liza, kona til Samuel Hamilton, er òg interessant, trass i at ho er ein slags stereotyp. Eg burde ha lese bøkene på engelsk for å få meir språkleg innsyn, men det går greitt på norsk òg.

    SvarSlett
  3. Misunner dei som enno ikkje har lese desse bøkene. Dei har noko å sjå fram til. Eg hugsar ikkje personane i detalj såpass lenge etter at eg las bøkene, men du har sikkert rett.

    SvarSlett