søndag 8. januar 2012

Mulligatawnysuppe på søndag

 I dag fekk Minstemann og eg nok ein roleg dag, sidan han framleis slit med det eine øyret. Han har greidd seg utan smertestillande, og han har ikkje sove i løpet av dagen, så i morgon skal han på skulen som normalt.

Eg er ikkje så glad i å vere inne, i alle fall ikkje i nydeleg vintervêr som det vi hadde i dag. Då var det ei viss trøyst i at resten av gjengen hadde ein strålande dag - dei to mellomste på Reset saman med Barnefaren, og Eldstejenta på TREN før ho vart med hit.

Dagens eksperiment var å lage Mulligatawnysuppe, etter oppskrifta på side 39 i "Smalhans". Eg triksa litt med ingrediensane; la til litt meir gulrot og tomat, droppa kvitlauk, brukte litt anna krydder og nytta kyllingkjøtdeig i staden for kyllingfilet. Det er langt billegare, faktisk veldig billeg, men vanlegvis synest eg den er så smaklaus at den ikkje kan brukast anna enn i svært krydra sausar o.l. I suppa gjekk det fint med kjøtdeig, men eg tok litt ekstra hønsebuljong for å få meir smak på krafta. Eg kokte ikkje ris attåt, men varma ein pose "boil-in-bag"-fullkornris og hadde den oppi suppa. Det gjekk heilt fint.

Suppa fall i smak, men gjengen var så svoltne at dei sikkert hadde ete kva som helst. Eldstejenta måtte få med seg ein supperest i eit tomt sylteglas heim til hybelen - eg håper ho ikkje sølte altfor mykje.

Etter middag rydda vi matbod (ok, vi fann noko snop vi hadde gløymt der) og spelte brettspel før eg kjørte Eldstejenta på kaia. Det var kjekt å spele brettspel utan at straumen var borte...

1 kommentar:

  1. Det passar no godt med suppe når ein kjem inn ein vinterdag. Eg laga brennsnut med heimelaga kjøtbollar i dag. Det kjem nok til å bli ein månad med mykje Gilde kjøtdeig fått attpå...

    SvarSlett