torsdag 12. januar 2012

Ferdigmåla veggplater - like genialt og enkelt som det ser ut?




Eigentleg likar eg godt ein gamaldags stil i interiøret, så perlefasa panel er midt i blinken. For nokre år sidan kom det plater med ferdigmåla panel på i handelen, og no har eg kjøpt inn slike plater for å forvandle eit soverom og ein gang til lyse, einsfarga rom. Fargen er nesten kvit, sameleis som på stova/kjøkenet, men med smalare "fjøler". Golva på dei same roma skal leggast nytt laminatgolv på, og eg har teke ut eit som liknar på stovegolvet, men i ein varmare tone (eikefarga). Dagens bilete viser romma slik dei såg ut då listene, lysbrytarar o.l. var fjerna.

2 kommentarer:

  1. Det vert lyst og reint! Lurt med nøytrale fargar om ein ikkje har tenkt å pusse opp ofte ...
    Gardiner og sengekle kan ein kjøpe ofte heller.

    SvarSlett
  2. Eg er ikkje tilhengar av altfor kvite interiør, men det ser veldig reint og ryddig ut med einsfarga, lyse flater. Fargane kjem etter kvart!

    SvarSlett