onsdag 25. januar 2012

Kan lukka kjøpast for pengar?

Det beste i livet er gratis, seiest det, men av og til kan ein kjøpe glede. Eller bestille noko som gleder ein når det kjem i postkassa.



Eg er ivrig kunde på CDON, og i dag kom det både musikk, film og bok derifrå. Eg har likt bandet Whitesnake sidan tidleg på 80-talet, og no har eg kjøpt tre CD-ar som eg anten har hatt før eller har hatt på vinyl. Spesielt godt likar eg plata "Ready an' willing", som er langt meir bluesprega enn dei seinare platene. Filmen "Mississippi Burning" brukte eg ein del i undervisninga på tidleg 90-tal, og no har eg tenkt å børste støvet av den i samband med ei fordjuping i emnet borgarrettskamp i USA og Sør Afrika. Oppskriftsboka (eg veit ikkje kvifor det biletet vert liggande, ikkje ståande) var eit bonustilbod eg ikkje kunne seie nei til, og eg treng ei fornying av kokkekunstane mine (eller dei manglande sådanne).

Som om ikkje dette var nok, kom eit flunkande nytt interiørblad i posten òg. Eg har ikkje tenkt å kopiere stilen frå desse blada, men for første gong på fleire år synest eg det er spennande med interiørtips.

Eg får truleg ein roleg kveld.

4 kommentarer:

  1. Eg har gamle Bonytt liknande. Det er vel med gamle og nye blad som med månen.(Olav H. Hauge)

    SvarSlett
  2. Eg synest ein skal unne seg små gleder i kvardagen! Fordi ein fortener det!

    SvarSlett
  3. Dagen vart i alle fall mykje kjekkare etter vi henta posten! Veslejenta fekk forresten Pennypakke òg, så her vart det jul igjen!

    SvarSlett