tirsdag 1. mars 2011

Bok 14 2011: "Rampejenta" av Mario Vargas Llosa

Dette er ei slik bok som syg lesaren til seg. Eg-personen forelskar seg i ei jente medan dei begge er svært unge, og ho behandlar han dårleg så og seie frå første stund. I løpet av boka misser dei kontakten og møtest att, fleire gonger, og han sluttar aldri å elske henne. Kva ho tenkjer og føler, er meir usikkert. Handlinga finn stad i Peru, England, Frankrike, Japan og Spania. Eg-personen arbeider som tolk og omsetjar, noko han ved eit tilfelle omtalar som at ein ikkje tek del i livet. "Rampejenta" har mange ulike roller i løpet av boka.

Forfattaren av boka vart tildelt Nobelprisen i litteratur i 2010, og denne boka er frå 2006. Eg synest den er fantastisk, men også grusom, og slutten var litt klisjéaktig. Ein stad las eg at romanen skal vere ei nydikting av "Madame Bovary", og det gir meining, sjølv om Flauberts roman aldri gjorde det same inntrykket på meg. Dette er ei kjærleikshistorie eg kjem til å hugse.

4 kommentarer:

  1. Det er veldig lenge sidan eg las denne boka, før eg begynte å blogge alle bøker eg les, men eg hugsar at eg IKKJE likte den noko særlig. Det kan ha vore noko eg ikkje forstod. Skal eg lese den omm att? Ser den stadig på biblio.

    SvarSlett
  2. Skreiv kommentar i går, men den har ikkje kome på plass. Denne boka las eg for ganske lenge sidan, og det einaste eg hugsar var at eg ikkje likte den. Kanskje eg ikkje har forstått den i det heile tatt?

    SvarSlett
  3. Jeg hørte denne som lydbok, og likte den godt selv om jeg syns at den mannlige hovedpersonen er alt for snill mot rampejenta. .....

    SvarSlett
  4. Ja, det er tragedien i boka, at han er så snill, og ho ikkje kan vere snill tilbake...

    SvarSlett