lørdag 5. mars 2011

Fri utan ski

Barnefaren og ungane var i dag på Reset for fjerde gong denne veka. Planen min var å gå på ski eg òg, men somme typar vêr passar betre til slalåm enn til turski. Eg har ikkje på nokon måte tenkt å rote meg inn i slalåmmiljøet, førtiårskrise eller ei. Eg tok derfor eit oppgjer med meg sjølv og tenkte: kva har du eigentleg LYST til å gjere i dag? Etter nokre tastetrykk var planen klar: Eldstejenta, Venninna K og eg tok oss ein tur på café. Etterpå svinga vi innom eit par klesbutikkar utan å kjøpe noko, og så handla vi nokre nett på Rema 1000.

Vel heime har eg gått ein lang tur på beina, med lydbok på øyret, og no skal eg bruke resten av kvelden til å lese, sjå TV og koke ein svineknoke som skal bli til brennsnut i morgon. Resten av gjengen skal i slalåmbakken då òg, og så kjem dei hit for å ete middag og krembollar. Eg ser på det som rein ferie å styre med husmoderlege syslar etter ein vinterferie med altfor mykje skulearbeid.

1 kommentar:

  1. Høyrest ut som ein bra plan. Då kuttar eg ut krembollar på mandag, men håper de kjem til middag?
    Eg har rippa og synkronisert boka eg las, men eg oppdaga at ikkje alt hadde kome med.Men når eg får att den andre MP3 spelaren, tek det mindre enn 5 min å legge boka over på den når den ligg klar på maskina. Eg vurderer å forandre yrkestittelen min frå sekretær til maskinist.

    SvarSlett