lørdag 19. mars 2011

Tur i Trollskogen

Minstemann og eg gjekk tur med hundane i "Trollskogen" i dag - eg trur det eigentlege stadnamnet er "Kriken". Der finn ein restar av den gamle råsa til Brundalen som vart brukt før dei laga skogsvegen rundt 1990. Minstemann likar godt å leike "gøyme og leite" med hundane. Han gøymer seg, hundane leitar etter han. Det hender at Bau finn han.


Dagen var delvis svært vakker med solskin, men det skya gradvis over. Eg prøvde å sitje ute og lese fordjupingsemne, men det vart litt kaldt. Det er ikkje så lett å sitje inne og sjå på finevêret ute, så eg tek med meg arbeidet ut viss eg kan. Eg er dessutan lett å lokke med ut, og skritt-teljaren min har for lengst begynt på kvota for neste veke.

3 kommentarer:

  1. Eg prøvde å ligge ute på altanen ei stund i går, men då det skya over vart det for kaldt, til tross for både dyne og teppe.

    SvarSlett
  2. Huff - var visst litt senil der. Endra det til "tur" no.

    SvarSlett