mandag 27. april 2009

Mimring - denne gong om Bianca









Sidan eg har mimra om to av borna mine som har hatt bursdag, må eg ta med eit lite mimreinnlegg om hunden òg. Vi såg henne første gong i pinsa 2005, då ho var om lag tre veker gammal. Ved jonsoktider reiste Gubben og Eldstejenta til Bergen og henta det vesle vedunderet, som forresten går under namnet NUCH T-Bob's Bianca Born to be Mild. Ho er av rasen Bearded collie, og "NUCH" betyr at ho er norsk utstillingschampion. Den første sommaren var ho på camping i Sverige, i Fredrikstad, nesten heilt på Straumssetra og i Brundalen. Vi kunne ikkje gå så lange turar i starten, men no er ho veldig sprek. Og så er ho snill og "mild" som berre det - unntaket er sjølvsagt når jyplingen Bau prøver å ta styringa...

3 kommentarer:

  1. Bianca er skjønn og snill, men han er ikkje borte Bau,fosterbarnet, heller.Du kan no godt mimre han når han har bursdag også.

    SvarSlett
  2. You bet! Har tatt heilt av med den scanninga...

    SvarSlett
  3. Det er fristande å scanne alt ein har av bilde og lagre på nettet i tilfelle ein på ein eller annan måte skulle få albuma øydelagde.Men ting tar tid, som alle veit.

    SvarSlett