I går hadde Eldstejenta og eg ein samtale om kva skilnaden mellom første og fjerde barn er. Då ho var lita, skreiv eg ned kvar minste steg i utviklinga, så vi har dokumentert første smil, første gong ho stod aleine og kva tid ho fekk tenner. Med dei hine ungane har det blitt mindre og mindre dokumentasjon - dei lærte å gå om lag i 1 - 2-årsalderen.
Men no har vi blogg!
Minstemann hadde i dag ei laus tann - si aller første. Medan foreldra var i Volda, tok Nummer 3 affære og trekte tanna ut. Det hadde blitt utlova premie, så det spørs om det var det som var motivasjon. (Nytt play station-spel kom til gards, noko dei tre yngste sette umåteleg stor pris på.) Uansett: 8. april 2009 miste Unge Indiana si første tann. No er det solid dokumentert, så får det heller vere med første smil og første steg.
Kommentaren frå Nummer 3 var: "ej skal iallfall ALDRI bli tannlege. Blææææk."
Den store feilen som eg gjorde som småbarnsmor, var at eg trudde eg skulle hugse ALT.Og ikkje hadde vi fotoapparat ein gong, for bilde er godt å ha å støtte seg til.Så at vesle P til nabojenta hadde mist ei tann, og han er berre fire år.(Dei flyttar til Volda i morgon og S reiser heim til Eksingedalen.)
SvarSlett