søndag 5. april 2009

Mimrestund


































































































































Det går mot ny bursdag og ny feiring, og eg har vore innom nokre album frå perioden 1997 - 2000 for å finne nokre bilete som syner Nummer 2. Mange av bileta frå den tida er av Eldstejenta og Nummer 2, for ho vart på ingen måte gløymd då ho fekk ein yngre bror. Tvert om måtte han delta i hennar utkledingsselskap, leike med Barbie (eller helst Ken) og dilte etter henne i all hennar leik. Og fordi han var så søt og morosam fekk han lov til det.

Guten var nesten alltid blid, åt all mat han fekk, sov heile natta frå han var bitteliten og var ein premiebaby på alle måtar. Mora vart så rastlaus at ho begynte å gå på treningssenter då han var ein månad gammal... Seinare fekk vi vår fulle hyre med å springe etter han - heile Hofsetråsa hugsar han korleis han sprang rundt med sverd i handa og smokk i munnen og ropte "SATAN" då han leika sjørøvar.

Kavalkaden vert både starta og avslutta med besøk på barselavdelinga, og dei gløggaste der ute forstår sikkert at det kjem ein ny biletserie ut i mai ein gong.

3 kommentarer:

  1. Koselige bilde. Hugsar godt den gode, blide og aktive guten frå den tida.
    Det er ikkje sikkert at alle veit at SATAN er ei forkorting/samandraging av Sabeltann,så det er ikkje så gale som ein skulle tru.
    No blir han snart 12 år, det er ikkje til å tru.

    SvarSlett
  2. Han er no bra god, blid og aktiv enno!

    SvarSlett
  3. Ja, eg meiner ikkje at han har forandra seg på den måten.Han er framleis utrulig snill og blid!Skal skryte meir på bursdagen!

    SvarSlett