torsdag 9. april 2009

For livets glade gutter går solen aldri ned - eller???



Gjestane reiste heim, Gubben reiste til Volda og eg vart sitjande att "aleine" - det vil seie; eg har sju ungar her òg. Dei to mellomste har koseleg overnattingsbesøk av tre klassekameratar. Minstemann heldt tritt ei stund, men så "knalla" han på sofaen med tunga ut. Eg måtte berre ta bilete av det, og av gjengen som huserer i kjellaren. Dei er så gode alle saman, og vanlegvis har dei det veldig kjekt ilag. Søvn blir det sikkert mindre av, men det spørs om Gamla gjer som Minstemann i løpet av natta.

2 kommentarer:

  1. Dei er ein fin gjeng! Og eg synest det er flott at de orkar all overnatting og selskapeligheit som følgjer med å ha ope hus.
    Men de har det sikkert igjen når dei blir eldre.Det er viktig at kameratar lærer seg å ta vare på kvarandre.

    SvarSlett
  2. Ikkje mykje styr med den gjengen - og vi kjenner dei så godt at dei nesten passerer som familie. Storegutane driv stadig vekk og overnattar hos kvarandre, så det er kvar sin gong å hyse dei.

    SvarSlett