lørdag 11. april 2009

Påskeaftan i Starevegen




Påskeaftan feira vi med handletur til Ørsta. Besta hadde lokka oss med middag, og vi var relativt lette å overtale. Vi fekk servert "ballj" med rikeleg tibehør, og det var ikkje berre Morfar og Nummer 3 som kjende behovet for middagskvild etterpå. Vi takkar for oss - det var eit nydeleg måltid og koseleg prat.

Vel heime trimma eg bikkjer medan Gubben gøymde påskeegg til dei tre heimeverande borna. Eldstejenta er på Grotli, der familien til ei venninne har hytte.

2 kommentarer:

  1. Litt uvanlig mat på påskeafta kanskje?Det er veldig sjeldan eg lagar ballj-det er så lite inspirerande å lage slik mat for to, så eg må passe på når vi er fleire. Som de ser er ikkje bordet særleg påskepynta, men der var ikkje plass til stort meir enn maten.Eg er mett enno- og har ikkje trimma.

    SvarSlett
  2. Mat er den finaste bordpynten av alle! Skikkeleg godt var det, og eg trur eg må trimme meir viss eg skal få vekk mettheitsfølelsen...

    SvarSlett