mandag 20. april 2009

Bok 23 2009: "Sommer på Saltön" av Viveca Lärn


Mange vil nok hugse TV-serien frå det svenske øyriket, og no har eg altså lese den første boka i serien. Eg trur eg vil skildre det som lett og koseleg lesestoff om vanlege menneske sine små og store problem. I boka får ein meir bakgrunnsstoff om personane, men serien er absolutt god den òg - spesielt på grunn av dei vakre naturbileta og dei gode skodespelarane.

Ei fin bok å kose seg med i solstolen etter nokre timars prøveretting - eller i bilen når ein ventar på ballerinaer...

3 kommentarer:

  1. Ein koseleg serie. Den grensa vel litt til komedie med det valet av skodespelarar.

    SvarSlett
  2. Eg las desse bøkene ETTER at eg hadde sett serien, og fekk problem med å hugse korleis alle såg ut.Andre hugsa eg veldig godt.Eg likte best å sjå serien-sikkert fordi eg såg deg FØRST.

    SvarSlett
  3. Med Thomas von Bröhmsen i ei av rollene måtte det bli komedie - og bra, for all del.

    SvarSlett