lørdag 25. april 2009

Ballettshowet backstage





"Vårens vakraste eventyr" blir det ofte kalla, ballettskulens tradisjonelle vårshow. I dag skulle eg endeleg få sjå det på skikkeleg, etter å ha sete i salen to kveldar før denne veka. Gubben følgde dei på premièren i går, og i dag tok eg med meg Minstemann og fire besteforeldre til eit smekkfullt Kulturhus.

1. akt var klassisk ballett, og handlinga var at nokre jenter gjekk inn i ein hage og møtte fuglar, dyr og såg blomar der. Nummer 3 gjorde ein fin innsats som bie.

I andre akt, som var jazzballett, var det laga klipp med film der folk uttala seg om songar dei likte og kvifor dei likte musikk. Heile akta skulle vere ein hyllest til song, og ungane hadde fått vere med på å velje ut songar som betydde noko for dei. Nummer 3 gjorde ein flott innsats til Aretha Franklins "Respect" - ho har verkeleg utvikla seg sidan sist! Hiphopgutta var også flinke, og her utgjorde Bygdegutane, som eg har kjørt på av og til, 3 av 5 elevar i gruppa. Dei brukte Aerosmiths "Walk this way", og det kribla i beina på Gamla òg. Eldstejenta var med i eit stilig nummer til ein song som heiter "Magic Carpet Ride". Elles var det mange flinke parti og fin musikk.

Siste akt var Contemporary, der Eldstejenta har vore med eit par år. Eg trur det er favorittdanseforma mi, sjølv om jazz er festlegare og har finare musikk. Akta handla om norrøn tid, og der var utruleg fine kostyme og mykje flott dans både av troll og vikingar.

To og ein halv time inne i ein fullpakka sal høyrest gale ut, men eg syntest det var både kjekt og rørande - samtidig som eg er stolt over eigne og andre sine ungar som er så flinke, uthaldande og tolmodige.

5 kommentarer:

  1. Det var den finaste bia eg har sett!
    Her vert det framsyning på Sjøborg 6. juni.

    SvarSlett
  2. Kanskje vi tek turen? Eg har ikkje vore på Sjøborg enno...

    SvarSlett
  3. Det var ei kjempeflott framsyning i dag; som ho sa leiaren for ballettskulen:The best show ever.Alle "våre" var sjølvsagt ekstra flinke!Til og med Minstemann, som utstyrt med popcorn+vassflaske, sov berre ei lita stund-og det var midt i tordenveret(på scena).Well done!

    SvarSlett
  4. Ja, det var ny rekord for hans del - han somna ikkje før det hadde gått minst eit kvarter...

    SvarSlett
  5. Det spørs om det vert geburtsdagsfeiring med slekta etterpå? Vi har ikkje tidspunkt enno.

    SvarSlett