tirsdag 7. april 2009

Kuriositet (eigentleg skulle eg ha funne eit ordspel om kua som har vore kalv, til dømes ku-riositet, men eg kom ikkje på noko)


I gamle album kan ein finne mykje artig. Då eg var russ(epresident) i 1988, var det lærarstreik i vidaregåande skule. Etter at dette vart skrive, gjekk lærarane våre ut i overtidsnekt, så det fekk fleire følgjer enn utklippet gir inntrykk av. Vi fekk opp til fem timar mindre undervisning i veka ("Meir fritid, huff så leit"). Eksamen vart dessutan redusert, og avgangskullet gjekk såleis ut av vidaregåande med berre to skriftlege eksamenar og ingen munnleg. Sidan dette var eit unntaksår, vart vitnemåla våre likevel rekna som fullstendige.

Eg synest det er spesielt sjarmerande å lese om min store sympati for grunnskulelærarane, og så er det morosamt å vite at journalistspiren som skreiv dette stykket var og er saman med ei barndomsvenninne av meg, og at han mellom anna har leia Kanal 24.

Nedst på utklippet ser de forresten legendariske S. Folsvik, som var æresruss, og som hadde "den rakaste ryggen på heile Gymnaset"

2 kommentarer:

  1. Those were the days...
    Så spørs det kvar sympatien ligg no...

    SvarSlett
  2. Dette var artig å sjå att. Eg hadde gløymt det-eller fortrengt? Elles kan eg opplyse at kona til Arne og gutane ferierer i nabohuset. Systra er også heime, med dei to jentene sine.

    SvarSlett