mandag 20. april 2009

Nostalgien tek av igjen


Eg skulle eigentleg leite meir etter eit foto av meg saman med Gro Harlem Brundtland, som "Besta" påstår finst, men som eg har nekta, nektar og kjem til å nekte på at eg har, i alle fall til eg finn det. Og så skulle eg gratulere landsmoderen, som eg i yngre år beundra stort. Eg får gratulere henne utan illustrasjon i staden.

MEN, så kom eg på noko meir eg kunne scanne. Eg la ut eit bilete av meg sjølv som 16-åring då Eldstejenta fylte år, og då må eg no legge ut eitt av meg sjølv som 12-åring no når Nummer 2 har hatt sin store dag!

5 kommentarer:

  1. Det er nesten nifst, men eg kan ikkje hugse deg slik.Med det same eg såg bilde, tenkte eg på Solveig.No er eg ikkje sikker på kven av ungane som er mest lik deg heller.Uff og uff.Men det bildet av deg og Gro HAR eg sett, eg hugsar til og med kva genser du hadde på deg. Eg har leita gjennom mine albun og der er det ikkje.

    SvarSlett
  2. Forferdelig irriterande å sjå feila når det er for seint å rette.

    SvarSlett
  3. Det hadde vore kjekt om det bildet fanst, men eg har det ikkje. Er du sikker på det ikkje var eit som Laila hadde tatt? Elles er det hyggeleg å høyre at du ikkje hugsar meg verken som russ eller 12-åring. Jaja, det fanst ikkje bloggar i den tida. Du får nøye deg med å hugse førtiåringen!

    SvarSlett
  4. Eg har ikkje sagt at eg ikkje hugsar deg!!!Men ikkje akkurat slik du såg ut i ulike aldrar.Eg har for lengst funne ut at det er bra at vi gløymer mange ting, men det hadde vore greit at ein hugsa det mest positive.At ein kunne bestemme sjølv kva ein VILLE hugse.

    SvarSlett
  5. Ja, eg hugsar i alle fall ikkje noko bilete av meg og Gro. Men eg har snakka med henne, og krangla med Jens Stoltenberg om karakterar i den vidaregåande skulen (som eg var FOR) før vi såg siste episode av serien "Jamaica Inn". Det var like før han vart leiar i AUF. Karita Bekkemellem kjende eg ganske godt i ein periode, og vi pussa tennene ilag ved ein kjøkkenspring ein gong. Ein annan gong delte vi hotellrom i Bergen. Merkeleg kva ein hugsar, ja.

    SvarSlett