Så er vi i gang igjen: fem dagar med ballett... I dag fekk Minstemann vere hos Mormor og Morfar medan søskena dansa i timevis. Gamla tok seg ein pause midt i økta for å nyte solnedgangen og ei god bok, men stort sett vart ettermiddagen/kvelden tilbragt på Kulturhuset. Før vi reiste heim, fekk vi kveldsmat i Ørsta. Ungane er kjempeflinke til å danse, både våre og dei andre, og nesten enda flinkare til å vente på at det er deira tur og klappe til dei andre.
Minstemann vart litt imponert over den store "kreda" som Morfar hadde fiska...
Han har sine tankar,Minstemann. "Hadde fisken hatt haud, så hadde han vore like stor som eg," meinte han. Så Morfar måtte finne fram haudet så han fekk sjekke.
SvarSlett