onsdag 29. april 2009

No more wasted sunsets



Etter ein nydeleg fridag i solveggen og ein tur til Ørsta på avlyst ballett - kva er betre enn vaflar? Nummer 3 er no nesten ferdig utlærd vaffelrørar, og medan Eldstejenta tok seg av steikinga, gjekk eg ein lang tur med Bau for å sjå på solnedgangen. I det siste har det vore fantastiske solnedgangar når eg har vore ute og kjørt eller gått tur, men då har eg ikkje hatt med kamera. Irriterande. I kveld skulle eg derfor på fotosafari, men då var solnedgangen berre sånn passe gørr og daff. Ein vakker kveld tek eg kameraet og kjører til Flø. Eller går på Helgehornet.

Ein kan nesten seie at det vart to bomturar i dag - men det er no herleg ute for tida, med lysegrønt lauv, fuglesong og kvitveis. Varmt var det òg, sjølv om sola hadde gått ned. Både Bau og eg sette stor pris på nysteikte vaflar då vi kom heim. Gode var dei òg - særleg med brunost på.

3 kommentarer:

  1. Her har vi hatt den første skikkelig varme dagen.Eg kunne ligge avkledd på altanen UTAN pledd. Må berre få presisere at eg hadde ein del jobbing inne før eg kom så langt.Kan ikkje innrømme at ein latar seg sjølv om ein er gammal?

    SvarSlett
  2. PS: Gløymde å seie at bilda var fine. Nr.3 og Bau ser ut til å ha blitt vane med å posere etter kvart.

    SvarSlett
  3. Her har vore mange varme dagar - i solveggen, vel å merke. Eg kler av meg og jobbar med skulearbeid, og då går jobben som ein draum!

    SvarSlett