I nabohuset bur det tre kjekke gutar på alder med dei tre yngste her i huset. Somme dagar, som i dag, er desse seks i full gang med alle slags prosjekt. Dei to eldste har halde på med trehytte-bygging, medan dei to mellomste har ei salsbod som dei har drive og snekra på siste månaden. Dei to yngste, som er 5 og 4, diltar etter og er med "på kjøt og flesk". Minstemann stiller som alltid i cowboyhatt, og naboens minste stilte i dag i fullt sjørøvarantrekk.
Dei er no bra kjekke alle seks!!!!!
SvarSlettKjekke aktivitetar også. Meir lys og varme gjer seg for alle uteaktivitetar.
SvarSlettDenne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettSå kjekt med sånne naboar!
SvarSlett