mandag 6. april 2009

Nytt byggeprosjekt


Storegutane har vore ute sidan litt etter frokost i dag, og årsaka er: ei ny trehytte! Det er såvidt Nummer 2 har hatt tid til å ete middag, og no måtte han inn for å dusje før han skal i selskap. Nummer 3 er berre med på biletet - så langt har ho berre fått sjå på.

5 kommentarer:

  1. Dei er heldige som har høve til å drive med slike gammeldagse og kreative aktivitetar! I min barndom laga vi hytter i Malakoff, eit område som i seinare tid er blitt kjent landet over på grunn av rockefestivalar!Men i mi tid var jungelen til Tarzan og Jane og Tarzans sønn....Kvar tid sine idol!

    SvarSlett
  2. Det minner meg om "gamle dagar" med jentehytter og gutehytter. Når dei var ferdige, var moroa over.....

    SvarSlett
  3. Det hadde blitt litt kjedeleg med jentehytte her, trur eg... Hugsar at vi små fekk vere med "på kjøt og flesk" og gå frå hytte til hytte i Starevegen. Det var trist då dei bygde hus på "hyttetomta" vår.

    SvarSlett
  4. Har storkosa meg med å sjå på aktiviteten deira. Tenkte faktisk at eg skulle gi deg tips til blogg sida di, men du kom meg i forkjøpet her ja.. Dei har hatt ein fantastisk leik der oppe i dag. Ei stund var dei 6 barn i aktivitet. Måtte smile for meg sjølv då det var middagstid og Jørgen vart mette på ei potet- lita var ho og.. Han hadde ikkje tid å ta kjøtkake på fatet sit ein gong. Men da måtte vi bresme litt. Dei har store planar og godt er det.. slik aktivitet er topp..:-) Nina

    SvarSlett
  5. Så herlig med slike dagar! Må det bli mange av dei:)

    Ynskjer deg og dine ei god påske, med god tid til kreative innspel og utspel!

    SvarSlett