fredag 17. april 2009

Hip Hop Non Stop


















Om eg ikkje opplever skidagar som eit frynsegode, er eg desto gladare i å tilbringe arbeidstida i ein teatersal. I dag fekk eg vere med på ei danseoppvising med ei streetdance/hiphop-gruppe som kallar seg Circle. Dei var seks unge menn (illustrasjonen lyg, med andre ord), og dei heldt på i om lag 40 minutt. Ei solid treningsøkt for dei, og god underhaldning for oss. Elevane verka begeistra - dei gav i alle fall meir applaus enn dei plar gi meg etter ein ordinær engelsktime...

3 kommentarer:

  1. MEIR applaus? Meiner du at du plar få applaus etter vanlege skuletimar?
    DET opplevde eg EIN gong-ein gong på over 30 år.
    Elles berre når eg annonserte UTETIME.

    SvarSlett
  2. Har ikkje dei vore her. Collaboration (eller noko i den dur)Circle? Det var i alle fall ei dansegruppe og elevane var i ekstase,og ville ha autografar. Eg stilte spørsmålet etterpå (ikkje til elevane)Ser vi like mykje på alle, eller vel vi oss ut eit blikkfang?

    SvarSlett
  3. Det same tenkte eg på - sat og såg på ein framfor meg, kanskje fordi han var på "mi" side, eller kanskje fordi han var ein betre dansar enn dei andre. Og Besta: det er ikkje ofte eg har fått applaus, men det har faktisk hendt. Oftast i juni...

    SvarSlett