onsdag 15. april 2009

Familiefeiring på Landscape


Når ei skal på ballett og to skal på fotballtrening, og faren deira jobbar seint, må feiring av 12-årsdag improviserast. Familien var derfor på kinarestaurant i Volda i dag og åt middag. Far og søner fekk med seg presangen som Gamla og Nummer 2, med kameratane på slep, kjøpte i går, då vi hadde ein minnerik tur til Møbelringen. At det går an å ha så mykje moro på ei sengeavdeling - eg kan nemne at det mellom anna finst dobbeltsenger med motor som gjer at ein nesten blir "kleistra" dersom ein trykkjer lenge nok på knappen... Eg kjem truleg attende med rapport frå soverommet i eit seinare innlegg.

5 kommentarer:

  1. Der ser ut til å vere gode porsjonar!

    SvarSlett
  2. Ser at dei har lagt meir dukar på bordet enn vanlig-.Og så har de fått den fine "skjermen" med på bildet.Det er kjekt å feire på Kinarestaurant, der har dei som regel noko som alle likar.Gler meg til "sengehistoriene".Håperbursdagsbarnet er fornøgd med dagen.

    SvarSlett
  3. Den nybakte 12-åringen har lagt seg, og det må nok ryddast litt før vi tek bilete... Bursdagspengane hans skal gå til ny sykkel, men det må vi bruke litt tid på.

    SvarSlett
  4. Og maten var heilt grei nok, den. Rikeleg var det òg. No har vi berre to som et barnemeny, og barnemenyane på kinarestaurantar er mildt sagt gørr. Dei to store er glade i mange sortar mat, og Nummer 2 og kompisane hans er ville etter nudlar.

    SvarSlett
  5. Mange fine bilder, turar, feiringar og god mat. Kjekt med mimre-bilder. God helg!
    Eidabesta

    SvarSlett