lørdag 4. april 2009

Bok 19 2009: "Jenta som lekte med ilden" av Stieg Larsson


Då eg las den første boka i Millenniumsserien hausten 2007, hadde eg problem med å legge den til side. Det vart ei natt eller to utan søvn fordi eg berre "måtte" lese vidare. God krim skal vere slik. Men kva med bok nummer 2 i serien? Eg har berre to ord: "daff" og "gørr". I dag måtte eg ta meg saman for å orke å lese slutten. Den tredje skal visst vere betre, så ein kan no håpe at årets påskekrim i bokform er til å halde ut. Uansett er dette bøker ein "må" ha lese.

2 kommentarer:

  1. Og då eg hadde lese ferdig nr 3 ergra det meg at han ikkje fekk skrive ferdig nr 4....
    Framhald mangla...

    SvarSlett
  2. Endelig ei til som ikkje er så begeistra? Eg trudde eg var åleine. Eg likte godt første boka, men då eg heldt på med nummer tre var eg verkelig frista til å legge den vekk. Langt vekk.Langtekkelig og gørr etter min smak. No slit eg med PD James:Den siste pasienten.Ikkje egna for lydbok den heller.

    SvarSlett