mandag 13. april 2009

Samla til kvelds


Det har vore mykje farting og uteliv siste dagane, men i kveld sat vi samla til bords og åt pizzabaguettar og fyrte på påskelysa som ei fin markering av at nok ein ferie er over.

Ungane er nybada/nydusja og klare for ei ny veke. Eg har jobba på spreng - skal ha ein heil arbeidsdag før eg har fri igjen...

2 kommentarer:

  1. Eg vil verkeleg anbefale skitur på Utvikfjellet, der er fantastisk! Er det døtra du har bilde av på headingen, eller er det barnebilete av deg sjølv?

    SvarSlett
  2. Er nok ho, ja, men ho er ganske lik meg. Av sinn og skinn, er eg redd. Utvikefjellet såg herleg ut... Føler det som om det berre er eg som ikkje har fått nok snø i vinter...

    SvarSlett