tirsdag 7. april 2009

Pynte til påske


d
Få ting gjer meg så sur som husarbeid. Men det må til. Dei tre eldste er flinke til å hjelpe til, men blir utålmodige når ein kompis eller ei venninne ringer. Og så må dei ha tydelege instruksar: DU tørkar støv av hundepremiane, DU pussar vindauge og DU går ut og skjer nokre greiner til å lage påsketre av. Med tilhøyrande peiking. At minst to av dei bruker headset og må ropast til, gjer ikkje saka betre. Men her blir reint og ryddig, og vi har fått på plass den tradisjonelle påskepynten med harar, kyllingar, hanar og høner i kvar ei krå. Nummer 3 fann på eige initiativ noko som skal bli påskeliljer, som vi sette i vase. Det er også ho som har komponert oppsatsen på det fatet vi bruker til alle selskapelege høve - vi fann det då vi flytta til gards, og sidan har det blitt fast takst å pynte fatet til jul, påske og alle andre samankomstar.

I bloggande stund er alle borna forsvunne ut, og eg har fått på lydbok og styrer på vidare, unntatt denne datapausen. Det skal bli fint å setje seg ned med stilar seinare i dag...

2 kommentarer:

  1. Masse fin pynt.Ser at påsketreet har fått sin plass i år også.Sjølv har eg begrensa meg til lys og løperar.Det er så få dagar.

    SvarSlett
  2. Vi pyntar ofte mykje til påske fordi ein eller annan har bursdag - eller i alle fall feiring. I fjor hadde vi både vinklubb og barnedåp i påska...

    SvarSlett