søndag 9. januar 2011

Bok 2 2011: "Visning" av Lars Saabye Christensen

Romanen er frå 2009, men handlinga er lagd til 1990-talet. Ein kjenner att mykje av tankegodset frå den tida, får presentert filmtitlar og problemstillingar som til dømes om kor vidt ein burde skaffe seg ein mobiltelefon. Noko av det eg hugsar frå den perioden var fokuset på "virtual reality" og ein slags filosofiske vurderingar av kva som skjer og kva som er illusjon. I "Visning" møter ein noko av det same.

Will og Cathrin er eit barnlaust par som i 20-åra, og dei begynner å gå på visningar som eit erotisk spel fordi dei kjedar seg. Så forsvinn hunden deira, og Cathrin. Det heile utviklar seg til ei slags kriminalhistorie, men det er mindre viktig enn den måten forfattaren leikar med fenomenet "fiksjon".

I motsetnad til dei fleste nyare bøker av Saabye Christensen har denne boka fått negativ kritikk. Sjølv likte eg den godt.

2 kommentarer:

  1. Trur ikkje eg har lese denne. Men han KAN vere rimelig SÆR den gode Lars. Det er sikkert derfor eg likar han så godt.

    SvarSlett
  2. Du bør lese den. Kim Haugen les, og det gjer han på ein framifrå måte! Han las både "Bly" og "Bisettelsen", så no forventar eg å høyre stemma hans lese LSC...

    SvarSlett