torsdag 27. januar 2011

Sært jubileum

Nokre elevar klaga si naud på Facebook over kor mykje slit det er med særemnet - no kalla "fordjupingsemne i norsk". Eg vart sitjande og tenkje over alle særemnekull eg har følgt opp gjennom mi meir enn 14 år lange lærargjerning, og fann fort ut at dette er min tiande bunke med meir eller mindre sære emne.

Der har vore mange perler gjennom åra, etter månader med mykje stress og nokre tårer. Eg kan telje på ei hand dei særemna som ikkje vart fullført, men har ikkje fingrar nok til å telje opp dei gode opplevingane. Tidlegare valde elevane oftast norsk litteratur, men no har Kunnskapsløftet opna for at dei også kan velje internasjonal litteratur. I tillegg vel dei filmar, Tv-seriar og dataspel.

Elevane skal levere ei skriftleg oppgåve på 10 - 15 sider, og i tillegg skal dei halde ein kort presentasjon (10 - 15 minutt) for klassen. Slik får dei øve seg både i akademisk skriving og i det å tilpasse innhaldet til eit publikum som ikkje kjenner emnet deira frå før. Dei får dermed ta del i kvarandre sitt arbeid, og det kan vere ekstra interessant. Alt saman skal vere ferdig innan påske, og då skal eg òg ha vurdert det heile. I forfjor rekna eg ut at eg brukte om lag to timar per elev når eg vurderte dei to produkta, og i tillegg les eg tre utkast og gir tilbake- og framovermelding på desse. Det er 29 elevar i klassen, og i dag skal dei levere andre utkast.

4 kommentarer:

  1. Kven hugsar ikkje særemnet sitt! Kristin Lavransdatter og Sigrid Undset gjorde sterkt inntrykk også då.
    Det høyrest travelt ut med undervegsvurderinga ...

    SvarSlett
  2. Kva gjer ein ikkje for elevane sine? Eg har funne ut at denne måten er betre enn den eg brukte før, med tre bokrapportar som vart vurderte separat. No får dei kommentarar til det dei har gjort, med tanke på den vidare prosessen.

    SvarSlett
  3. Det er sikkert ei god hjelp for elevane, vurderinga skal no HJELPE dei med å få arbeidet så bra som mulig. Verda, også skulen, har blitt mykje betre sidan eg sleit meg gjennom til eksamen artium, som det heitte den gongen. Den skulen eg gikk var ikkje særlig elevvennlig, men eg trur lærarane hadde nok å gjere den gongen også. Elevane jobba nok meir enn dei gjer no-men det var kjedelig pugging.

    SvarSlett
  4. Eitt av dei nye moteorda i skulen er "framovermelding", i staden for "tilbakemelding". Du skal ikkje berre vite kva du har gjort feil, men kva du skal gjere rett. Då er undervegsvurdering nødvendig. Datamaskinen har gjort det enkelt å omarbeide skriftlege produkt, flikke på språket og flytte på avsnitt, og eg trur elevane lærer mykje av å få nokon til å lese gjennom tekstane. Det er tidkrevjande, men noko av det mest fornuftige eg bruker tid på i jobbsamanheng.

    SvarSlett