Botn:
1 pk Bixit-kjeks
100 gram smør
Knus kjeksa i food processor, smelt smøret og bland. Legg blandinga i botnen av ei form.
3 1/2 dl fløyte
100 gram melis
Pisk til krem og tilsett
3 1/2 dl seterrømme
I mellomtida:
1 pk sitrongelé løysast opp i halv mengd kokande vatn (2 1/2 dl)
1 pk philadelphiaost løysast opp i den varme, flytande geléen
Rør den flytande gelé/osteblandinga forsiktig inn i kremblandinga. Tøm blandinga over kjeksbotnen og la det stå kjølig til kaka er stivna.
Pynting av ostekake kan gjerast enkelt, med hermetiske mandarinar eller eit tynt lag sitrongelé. Ein kan òg pynte med friske jordbær, eventuelt med gelé over (praktisk dersom kaka skal fraktast). I dag vel eg frosne skogsbær og jordbærgelé (halv mengd vatn, kjølast ned før ein har den på kaka).
Denne kaka er ein av familiens store favorittar, og for oss som likar ostekaker finst der inga betre oppskrift. I tillegg bringer den gode minne om då vi budde i Ulsteinvik på 1990-talet, og ei spesielt god nabo/kollega/venninne som introduserte kaka for oss, og som konkurrerte med Gubben om å lage den fortast mogleg. Rekorden hans var 13 minutt...
Denne kan eg gå god for!
SvarSlettKaka er ein absolutt favoritt, men den var ikkje så verst den eg laga etter oppskrift eg fann på Internett heller-den var med blåbær og blåbærgelé.Men eg brukte nok meir enn 13 minutt på den!
SvarSlett