onsdag 26. januar 2011

Frionsdag med besøk, ballett og balltrening

Minstemann fekk i dag besøk av to kompisar, og eg fekk triveleg selskap i dei medbragte mødrene. Då besøket for, var det på tide å kjøre Veslejenta på ballett i Ørsta. Vi høyrde på lydbok i bilen. Minstemann og eg nytta ballett-timen til å gå i møbelbutikkar, utan å kjøpe noko, men med nye draumar og planar for framtidige prosjekt. Attende på rett side av fjorden skyssa eg dei to små heim, henta Storegut hos ein kompis og kjørte deretter Minstemann på fotballtrening. Treningstida (ein time) nytta eg til å gå meg ein tur frå Folkestad skule til Krumsvikneset og attende, på gamlevegen. Resten av kvelden vart brukt til lekser, matlaging, pakking av skulesekkar og total avslapping i godstolen med data og lydbok.

2 kommentarer:

  1. Var det fridag du kalla det? Ja, ja, eg hugsar "fridagane" mine i gamle dagar. Det er ei tid for alt.

    SvarSlett
  2. Eg hadde ikkje undervisning, då...

    SvarSlett