lørdag 1. januar 2011

Nyttårsfor(t)sett 2011

Ved årsskifte kjem det gjerne nokre djupe, melankolske eller optimistiske tankar sigande.

Kva har ein fått til i året som gjekk?
Kva gjekk gale?
Kva kan bli betre?

For å gripe fatt i det siste, og tenkje framover, vil eg gjerne halde fram med mange av dei positive gjeremåla eg trass alt har i livet. Eg vil framleis arbeide hardt på jobb, TRENe, gå turar og lese bøker. Eg vil framleis setje familien høgst, men òg lage små lommer i livet som berre skal vere mine eigne pustepausar. Kanskje skal eg bli flinkare til ikkje å ville vere så flink heile tida, men heller slappe av og late meg litt meir - noko eg faktisk tvilar på at eg får til. Eg veit at eg stiller altfor høge krav til omverda, og mest av alt til meg sjølv.

Det er umogleg å nullstille seg berre fordi ein blar opp ein ny kalender, men eg har i alle fall nullstilt blogg-teljaren min. Det er kjekt å følgje med i talet som stadig stig, sjølv om ein enorm lesarskare aldri har vore målet for blogginga mi, som meir enn noko anna er blitt ein hyggeleg vane som eg gjerne held fram med vidare. Eg håpar at det komande blogg-året vil bli fylt av turbilete, bilete frå familietreff, bokomtalar og kulturelle hendingar. Går det som eg vil, blir det òg nokre reiser i løpet av året - eit par slike er allereie under planlegging.

Eg las ein stad om ein som hadde sett på året 2010 som ein vanskeleg utforbakke med humpar og hinder, men som no kjende at han var i ferd med å ta trekket oppover att. Sjølv om eg er totalt ukjend med utforkjøring, hadde eg sans for denne metaforen. Som nyfrelst turski-entusiast håpar eg at 2011 blir som ein vakker tur i solskin innover ei opptrakka løype, utan dei store hindringane, og med nokre slakke nedoverbakkar eg kan renne i utan å vere redd for å dette.

3 kommentarer:

  1. Kva ein ønsker for det komande året er vel avhengig av kvar ein er på livsvegen. For oss som er komne i kategorien "eldre" er det vel helsa som er det viktigaste. Så lenge ein er nokonlunde friske, er vi stort sett fornøgde.Har sansen for den skitur-metaforen din!

    SvarSlett
  2. Ja, og det at ein skal roe ned "flinkheita"!

    SvarSlett
  3. Godt nytt år!
    Eg er einig med Solveig, ein treng ikkje vere så perfekt i alt ein føretek seg. Trur det kan vere godt for helsa, sjølv om eg las i Hjemmet om rot som fører til stress. Då kom det føre meg at eg lyt ha ei opprydding snart, kjem liksom aldri heilt rundt på den fronten.

    SvarSlett