mandag 24. januar 2011

Maraton-måndag

Veka begynte med ein trasig episode på jobb - av og til får ein ei påminning om at skulen vår er ei lukkeleg boble utan dei heilt store problema. Før jul var eg på kurs på ein annan skule, og der hadde dei faktisk ein vektar gåande rundt i gangane. Hos oss har vi det eigentleg både trygt og godt, og episoden i dag var ikkje stor sett i den store samanhengen. Likevel blir det trist at vi ikkje kan stole på at alle elevane vil halde den nyoppussa skulen fin og rein.

Etter jobb henta eg ungane på kai og hybel, fekk klipt Minstemann og så besøkte vi besteforeldra i Ørsta. Der fekk vi både middag og dessert, så vi fekk slappa godt av før Veslejenta skulle på ballett. Medan ho var der, handla vi hine, og så kom vi heim nærare 20.30. Då var det eit visst styr med å bere inn alle sekkar og varer, få alt på plass, gjere lekser og deretter gjere seg klar for natta. I bloggande stund er vi i sluttfasen, håpar eg, for no hadde det gjort godt med ei lita stund aleine før eg sjølv legg meg.

Minstemann fekk ein presang i dag. Han er stor fan av Toy Story no, etter å ha fått eitt PS-spel og to filmar om Woody, Buzz og alle dei andre, og han ønska seg ein Lego-Buzz. Det var kanskje i overkant mykje betalt for en "tannpremie", men mora er litt svak for sin sære son. Han poserer villeg for å vise fram Buzz, medan mora er mest oppteken av å vise fram hans kule, nye sveis.

1 kommentar:

  1. Kjekt å sjå at smilet hans er på plass igjen. Har fått musa til å virke igjen etter tips frå Ingeborg. Ho hadde tatt ut den vesle dingsen som koplar musa til maskina, men eg fostod ikkje samanhengen-har aldri hatt den ute før. Fekk no øvd med litt med fingeren på brettet, men det var tungvintfor meg. Hua til A. ligg forresten att her.

    SvarSlett