søndag 9. januar 2011

Brennsnut jagar jula ut?

Slik laga eg brennsnut i dag:

Kokte ein røykt svineknoke i ein time og let den stå og bli kaldare medan eg laga dessert, gjekk tur og skrella grønsaker.

Tok ut svineknoken og tok vekk noko av feittet og litt kjøtrusk som var i krafta. Smaka på krafta og fann ut at den var salt nok.

Kutta opp grønsakene og hadde dei i krafta.
1 kålrot
1 1/2 potet per person
1 gulrot per person

Reinska kjøtet av knoken og kutta det i mindre bitar. Det var rikeleg med kjøt på knoken.



Suppa kokte i ein halvtime. Siste ti minutta tilsette eg 1 1/2 grillpølse per person og om lag ein halv purre.

Det er borna i familien som gjerne vil ha pølse i suppa, så eg kunne godt ha tenkt meg å erstatta pølsebitane med meir kjøt.

Eigentleg hadde eg tenkt å ha byggryn i suppa, men så fekk eg lyst å prøve Solveigs oppskrift på byggrynkrem til dessert.

Både middag og dessert fall i smak hos store og små.

No i ettermiddag har eg planar om å pakke vekk julepynt, brenne opp julelys og legge på nye dukar. Vi får sjå om det blir ei fullstendig fjerning av pynt, eller om det blir litt gradvis.

3 kommentarer:

  1. Maten ser god ut! Eg vil helst ikkje ha gryn og pasta t.d. i kjøtsupper. men det er no ei smaksak. Vi åt lutefisk i dag sidan studenten vart att i Volda i går etter ein handballkapt han dekte for Sunnmørsposten.

    SvarSlett
  2. I morgon blir delar av fam. samla her, då blir det ikkje suppe, men kanskje brun saus.Studenten kjem også.
    Apropos- skal du brenne julelysa opp-eller ned?

    SvarSlett
  3. Eg har nokre slike lys som er støypte i glas, så eg er usikker på om dei brenn opp eller ned. Luktar godt, gjer dei i alle fall. No er jula så godt som ute her, berre eg finn eit stjerneskrujarn så eg får demontert kjøkkengardinene.

    SvarSlett