onsdag 19. januar 2011

Nei-mat? Ja takk!

Minstemann og eg hadde ein roleg, nesten lat, frionsdag i dag. Det vart mykje inneliv, men òg ein liten tur ut for mellom anna å teste den nye spaden min. Det ligg framleis ein leidning gøymd under snøen og isen etter at vi tok ned ute-julelysa sist onsdag, og vi hadde som prosjekt å prøve å få den laus. Det var mislukka, men vi fekk ein del frisk luft.

Veslejenta skulle på ballett etter skulen, og eg hadde lova henne pannekaker til middag når ho og Barnefaren kom hit etter balletten. Vanlegvis bruker eg to steikepanner når eg lagar pannekaker til familien, men i dag var vi berre fire til bords, så eg brukte berre ei. Det tok dermed om lag ein time å steike pannekakene, så eg fekk rikeleg med tid til å rydde kjøkken, brette ein klesvask, henge opp ein annan klesvask og lese eit par kapittel i ei bok medan eg laga middag. Minstemann bygde lego.

Når eg lagar pannekaker, bruker eg ein del egg (i dag vart det 7 egg og ein liter mjølk). Eg begynner med å steike bacon, deretter steiker eg pannekakene i vekselvis smør og fleskefeitt og legg dei i ein Tupperwareboks med bacon strødd innimellom. Blandinga av bacon og blåbærsyltetøy er fantastisk, og i min familie har vi tradisjon for å ta ein kopp kaffi til den siste pannekaka.

Etter middag gjekk eg ei mil, men eg var framleis mett etter middagen då eg kom heim.

6 kommentarer:

  1. Har nokre egg ståande på kjøkkenbenken, men til denne tid har eg klart å stå imot freistinga til å lage pannekaker av dei. Det ER veldig godt, og med så mykje egg som du brukar, blir det også mykje protein i middagen. Eg plar av og til ha i litt grovt kveitemjøl, mest for å få litt betre samvit. Du og ungane kan no berre ete kaloriar !

    SvarSlett
  2. Og?? ;-)
    Vi skal ha suppe til middag i morgon ...

    SvarSlett
  3. Her går det mest i supper, laga av frosen grønsaksblanding (suppe) og nokre magre pølser. Er litt syndig og har i ein buljong. Dette er kanonmat når ein er trøytt, frostig og svolten! Men min betre halvdel burde vel ha litt meir næring, så han sper på med skjever m.m. Og i helga har vi skikkeleg middag, så klart...

    SvarSlett
  4. Elin: Brød og suppe er godt, det! For å gjere det litt meir festleg, kan han varme skivene i omnen med litt kryddersmør og eventuelt ost? Det er vanskeleg når familiemedlemmer har ulike behov for kaloriinntak, men det er no enklast å gjere det slik at den som treng meir, supplerer. Suppe og pannekaker er forresten òg godt :)

    SvarSlett
  5. I like it when people come together and share opinions. Great site, continue the good
    work!

    my webpage; online backup service reviews
    Feel free to visit my web blog :: best online backup service

    SvarSlett