fredag 28. januar 2011

Bok 5 2010: "Lucifers evangelium" av Tom Egeland

La det vere sagt med ein gong: eg likar best realistiske bøker, og styrer som regel unna science fiction, varulvar og fantasy. Dan Brown's "Da Vinci-koden" las eg derimot med stor entusiasme allereie før den kom ut på norsk, sjølv om den ikkje akkurat er realistisk. Det er noko ved det okkulte som tiltrekkjer meg, og eg synest den katolske kyrkja og frimurarordenar har mykje spennande ved seg.

Tittelen "Lucifers evangelium" gav meg assosiasjonar i retning "Da vinci koden". Første delen minner også mykje om stilen til Dan Brown, men så tek det heilt av, og det i ei for meg totalt feil retning. Etter å ha lese meir om forfattaren og bibliografien hans ser eg at dette kunne forventast, men eg var totalt ukjend med han frå før. Eg er ikkje sikker på om eg kjem til å lese fleire bøker av han, men boka hadde noko spennande ved seg når ein berre opna opp for det totalt uventa og fantasifulle.

6 kommentarer:

  1. Eg har lese eit par bøker av denne forfattaren, som faktisk skreiv i denne sjangeren FØR Dan Brown var kjent her heime. Eg trur eg er ferdig både med den eine og den andre av dei, men kvar sin smak.

    SvarSlett
  2. Du har jo lest en av de dårligste han har skrevet. Prøv Sirkelens ende eller Paktens voktere de er fri for romvesner og anna dill, men leiker mye med norrøne myter og skrifter.

    SvarSlett
  3. Eg har lese Sirkelens ende, minte om Da Vincikoden, men var etter mi meining betre. Paktens voktere kan eg vel ha lese også, men då må eg sjekke bloggen.

    SvarSlett
  4. Det kan godt hende eg gir han ein sjanse til, viss bøkene er garantert utan romvesen...

    SvarSlett
  5. Eg måtte lese kva eg i si tid las om boka.
    http://ortentrovag.blogspot.com/2009/10/bok-66-eventyr-for-vaksne.html
    Det verkar ikkje som vi er så uenige.

    SvarSlett
  6. Skreiv om boka skal der stå.

    SvarSlett