Forfattaren har dikta ei historie basert på historiske fakta om tipp-oldemora si, som var blant dei første utdanna jordmødrene i Romsdal amt. Resultatet er ein "dokumentar-roman" som er både lærerik og underhaldande. Dei høge dødstala blant fødande og spedbarn er eit fjernt fenomen i vår del av verda i dag, og det er interessant å lære meir om korleis folk for 200 år sidan ikkje hadde tiltru til fagfolk, men heller ville ha hjelp av litt heksekunnige hjelpekoner når dei skulle føde. Vi får dessutan innblikk i ei tid med omgangsskule, fjerne krigar og militærteneste og om korleis dei såg på born fødde utanfor ekteskap.
Dette er ikkje noka stor og prangande bok, men ei jordnær forteljing om ei sterk kvinne, og særleg mødrer kan ha glede av å lese den. Ein bør forresten høyre lydboka, for Hoem les sjølv med passeleg innleving og ei nydeleg stemme.
Visste du at boka er gitt ut før? I dag lånte eg ei dobbel-bok på biblioteket, Tove Nilsen har skrive del 1. Så får vi sjå om eg får åndsnærverelse til å begynne å lese...
SvarSlettDu skreiv ei fyldigare bokmelding enn eg, og eg forstår at du likte boka, du også. Eg likar korte bøker! Og her bør ein absolutt velje lydboka.
SvarSlett