mandag 31. januar 2011

Bok 7 2011: "Eg elska ho" av Anna Gavalda

Tobarnsmora Chloé er lei seg og fortvila fordi mannen har forlate henne til fordel for ei anna kvinne, og for å trøyste henne tek svigerfaren henne med ut på landet der dei tilbringer tid saman. "Du vart ikkje elska slik du fortente", seier han, og så fortel han si eiga historie om ei kvinne han elska og deretter gjorde det slutt med for å bli i ekteskapet.

Dette er ei rørande og tankevekkjande lita bok, men utan å bli særleg sentimental. Arnhild Litleré passar godt til å lese boka, som er omsett frå fransk til ein velklingande nynorsk. Dette er ei "løp og les"-bok!

5 kommentarer:

  1. Eg elskar bøkene til Anna Gavalda, og dette var den første eg las.
    Arnhild Litleré passar veldig godt til å lese nynorsk-fransk med dei franske r-ane sine.

    SvarSlett
  2. Her er vi usamde. Tittelen er det første som irriterer meg. Eg likar ingen av bøkene hennar.

    SvarSlett
  3. Det var sterke ord, Solveig! Eg likte svært godt den andre eg las òg, "Saman er ein mindre aleine".

    SvarSlett
  4. Eg har funne ut at det er enten eller med Gavalda, enten hatar eller så elskar ein bøkene hennar. Og eg elskar dei. "Eg elskar HO" er heilt rett gramatisk om ein likar det eller ei. Bruken av objektform går meir og meir av moten. Tilsvarane i hankjønn ville bli:Han elska han, både på nynorsk og bokmål. Formene honum og ham er ute.Eg har også lese"Lykka er ein sjeldan fugl"

    SvarSlett
  5. Eg veit at omsetjaren har vore festspeldiktar m.m. og liker det ikkje;-)
    Eg ser ikkje sjarmen i bøkene, beklager.

    SvarSlett