lørdag 8. januar 2011

Når barnlause omtalar morsrolla

Fredag hadde eg laga eit norskopplegg om retorikk som eg tenkte eg skulle dele med blogglesarane. Bakgrunnen for opplegget var at eg har vore oppteken av den morosame, men ondskapsfulle, parodien på Marie Simonsen i programmet Storbynatt.

Opplegget var kort fortalt slik:
1. Fakta om Ingunn Yssen og Marie Simonsen 
    Kva inntrykk får vi av desse kvinnene ut frå dei fakta vi får presentert?

2. Lesing av kronikk (VGnett 8. mars 2010)
    Kommentarar om illustrasjonsfotoet
    Kommentarar til innhaldet, diskusjon av emnet
    Vurdering av kor vidt ei barnlaus kvinne på nesten 50 har truverd/etos i denne saka

3. Lesing av artikkel om reaksjonar (VGnett 8. mars 2010)
    Samanlikning av illustrasjonsfotoa
    Kommentarar til innhaldet (mange av elevane var meir einige med dei siterte kvinnene)

4. Avspeling av den omtala parodien på Marie Simonsen
    Kor morosamt er dette, og kor øydeleggjande kan dette verke for Marie Simonsens truverd/etos?

Eg var svært nøgd med opplegget, og eg fann diskusjonen svært nyttig og interessant, men størsteparten av elevane var truleg meir opptekne av russeturen dei skulle på seinare på dag. Neste norsktime skal eg bruke til å tolke ordtaket "perler for svin"...

3 kommentarer:

  1. Det store spørsmålet er vel kor vidt dei meiner det dei seier, eller om dei set ting på spissen for å bli høyrde.
    Eg har stor sans for paodien!
    Eg har nettopp lese Knausgård sin omtale om norskfaget - ein fag der ein ikkje kunne lese seg til gode karakterar.(+)
    Fag utan fasit bruker eg å seie.

    SvarSlett
  2. Det aller kjekkaste faget å undervise i, bortsett frå mengda av rettingsarbeid.

    SvarSlett
  3. Einig, men det er kjekkare å rette utan fasit (poengtelling).

    SvarSlett