På mange måtar føyer denne romanen seg inn i rekkja av søtladne romanar som tek føre seg samfunnsspørsmål gjennom å skildre einskildlagnader. Vi møter den engelske journalisten med eit skrantande ekteskap og ein jobb som ho finn mindre meiningsfylt enn før, og som blir konfrontert med "den verkelege verda" når ho reiser til Nigeria på ferie saman med mannen og blir kjend med jenta som seinare oppsøkjer henne i England. Det er lettlest og til tider klisjéfylt, men boka har likevel noko ved seg som rører ved ein. Ho er dessutan meir komprimert enn ein del andre bøker i same sjanger, og dei to forteljarstemmene er ulike, men truverdige.
Det er så lett å tenkje seg asylsøkjarar som ei gruppe menneske med ønske om å utnytte eit system for å ta del i goda i samfunnet vårt, men denne boka viser at ein asylsøkjar er eit menneske med vonde minne som prøver å stable på beina eit liv. Eg likte den godt.
Eg skreiv det vel på ein litt annan måte, men vi meiner det samme, trur eg.I motsetning til diverse andre forfattarar, greier denne i alle fall å begrense seg. Eg likte også denne boka.
SvarSlett